DEN NORSKE KYRKJA
Kyrkja i Eid
  Søk
1. november 2014 ..:: Hjem » Heggjabygda Kyrkje ::..   Logg inn
Fakta Minimer

Heggjabygda Kyrkje

Type kyrkje:
Langkyrkje av tre
 
Vigsling:
21. oktober i 1936 av biskop Andreas Fleischer

Arkitekt:
Anders Karlsen, Eid

Byggmeister:
Ivar O.Melheim

Tal sitjeplassar:
200
 

  
 
Informasjon Minimer

Heggjabygda kyrkje

Bygd 1936

Svært ofte er det trongen for eigen gravplass i bygda som har vore opptakten til at der kom eit kapell eller ei kyrkje på staden. I Heggjabygda var det sokneprest Anton Johnson som i 1913 føreslo at bygda måtte få eigen gravplass, slik at gravfølgja slapp å reise med båt over vatnet til Hornindal, prestegjeldet som Heggjabygda den gongen sokna til. To år seinare kom den same presten med ei tilråding om at der måtte byggjast kapell på staden. Hornindal heradsstyre måtte garantere for oppføring av bygget, vedlikehald og driftskostnader.
Då bygginga kom i gang i 1934, var det bygdefolket sjølve som stod for arbeidet med å få fram stein til muren og material til sjølve bygget.
Det var ein stor dag i bygda då kyrkja i oktober i 1936 omsider kunne vigslast.
Heggjabygda vart eige sokn under Hornindal prestegjeld då kyrkja stod ferdig. I samband med kommunereguleringa i 1965 kom kyrkja tilliks med bygda under Eid,og sidan 1997 har Heggjabygda og Eid vore eitt sokn.

Kunst og inventar

Altartavla frå 1936 er eit oljemåleri av Jens Leivdal frå Nordfjordeid, som også måla heile kyrkja innvendig. Ramma er rikt dekorert med symbol og er teikna og skoren av Martin Lillestøl.
2 altarlysestakar, messing truleg 1936.
Nattverdsutstyr: Kalk og disk; sølv 1936.
Preikestol i tre frå 1936.
Døypefont og dåpsfat, sølv frå 1936, dåpsmugge frå 1936 i porselen.
Kyrkjeklokke frå 1936,med innskrift: Land, land, land, hør herrens ord, gåve frå Kari og Lars Heggen.
Orgel frå 1998, 6 stemmer, Olsen og Jørgensen, opphavleg frå 1910 og stod i Gimmestad kyrkje til 1959.

  
 
  Minimer

Gravstaden i Heggjabygda

Gravstaden i Heggjabygda stod ferdig i 1918.
Endeleg slapp bygdefolket å frakte dei døde i båt på Hornindalsvatnet til gravstaden i Hornindal.
På denne tida var innsamlingsarbeidet til eiga kyrkje i Heggjabygda alt godt i gong - men bygdefolket måtte vente i enno 18 år før kyrkja stod ferdig.

  
 
Kontakt oss Minimer

Eid Kyrkjelege Fellesråd
Eid Kyrkjekontor
Sjøgata 90
Postboks 5
6770 Nordfjordeid

Tlf.: 57 86 17 55
Telefax: 57 86 13 22

E-post: kyrkjekontor@eid.kommune.no

 

 
  Minimer


Den Norske Kyrkja si internettside:

www.kirken.no 
-------------------------
Bjørgvin Bispedøme si internettside:

http://www.kirken.no/bjorgvin/

 

  
 
  Minimer
 
Søndagsportalen Minimer

Få daglig bibelvers på mobilen. Send: BIBEL til 1933

 
Powered by LabOra - Agrando AS