DEN NORSKE KYRKJA
Kyrkja i Eid
  Søk
29. juli 2014 ..:: Hjem » Kjølsdalen Kyrkje ::..   Logg inn
Fakta Minimer

Kjølsdalen kyrkje

Type kyrkje:
Langkyrkje av tre
 
Vigsling:
13.sept. 1940 av biskop Andreas Fleischer

Arkitekt:
Riksarkitekt Fr. Crawfurd-Jensen (gratis kopi av teikningane til Hildrestrand kyrkje, Møre og Romsdal)

Byggmeister:
Firmaet Brattvåg

Tal sitjeplassar:
350

 

  
 
Informasjon Minimer

Kjølsdalen kyrkje


Bygd 1940   

Få månader etter krigsutbrotet fekk folket på nordsida av fjorden i den gong Davik sokn oppleve at folkekravet om eiga kyrkje vart realisert. Endeleg skulle dei sleppe kyrkjeferda over Nordfjorden. Kjølsdalen var den einaste kyrkja i fylket som vart vigsla under krigen. Då hadde det gått 64 år sidan kyrkjekravet første gongen vart fremja.
Mangelen på graver vart starten på realiseringa av kyrkjebygget på nordsida. Etter som åra gjekk, vart gravstaden i Davik for liten, og det vart naudsynt med ein hjelpekyrkjegard i Kjølsdalen.
På eit folkemøte i august i 1935 vart det valt ei arbeidsnemnd som fekk i oppgåve åleggje kyrkjesaka fram for soknerådet. Og endeleg, den 23. november fatta soknerådet eit vedtak der det stod:

Ein er samd med søkjarane i at
kapellkyrkja er eit folkekrav som kjem
synbert fram ved den store offervilje,
som er vist av dei interesserte,og som
klårt provar at kyrkje må byggjast, so
snart som råd er. Soknestyret søkjer
difor uyrdsamt dei kyrkjelege autorite-
tar om løyve til å byggja den påemna
kappellkyrkja i Kjølsdalen.

I 1954 vart Kjølsdalen og nordsida utskilt som eige sokn i Davik.I 1965 vart kyrkja overført til Eid prestegjeld i samband med kommunereguleringa.

Kunst og inventar

Altartavle frå 1940 er eit krusifiks som står påaltaret,og bak står ei tavle med eit landskap med himmel over, laga av Jørgen Stene, Haram. Krusifikset er truleg frå den gamle Davik kyrkje.
2 altarlysestakar frå 1940 i sølv gåve frå Haus og Lefdal krinsar.
2 altarlysestakar frå 1990,sølv, gåve frå Kjølsdalens Sanitetsforeining.
Sjuarma lysestake, sølv på altaret, Karoline Johansen og Marie Sæbø.
Nattverdsutstyr: Kalk, disk, brødøskje og vinkanne, sølv 1940, gåve frå Agnes Eide.
Preikestol frå 1940, tre.
Døypefont frå 1940, tre, og dåpsmugge frå 1960, sølvplett, gåve frå Olav Haus. I tillegg dåpsfat frå 1940 i sølv, som heng på veggen.
Kyrkjeklokke frå 1951, O. Olsen & Søn. Frå starten hadde kyrkja ei lita kyrkjeklokke overført frå Davik som framleis heng oppe i tårnet.
Orgel frå 1998, 3 stemmer (extension organ), Bower & Company, Norwich, England, opphavleg bygt i 1965,men delar av orgelet er eldre.
Steinkors frå vikingtid/tidleg mellomalder, frå midthjell (no i Bergen Museum), kleberstein, hoggen ujamn og uferdig. Høgde 126 cm, breidde 91 cm. Ein kopi av steinen står ved riksvegen på Midthjell, litt vest for Kjølsdalen.

  
 
  Minimer

Gravstaden i Kjølsdalen

Gravstaden i Kjølsdalen vart opparbeidd på eit jordstykke som kommunen hadde oreigna. Gravstaden vart teken i bruk i 1928 - og dei strabasiøse ferdene til gravstaden i Davik på andre sida av fjorden var historie.

  
 
Kontakt oss Minimer

Eid Kyrkjelege Fellesråd
Eid Kyrkjekontor
Sjøgata 90
Postboks 5
6770 Nordfjordeid

Tlf.: 57 86 17 55
Telefax: 57 86 13 22

E-post: kyrkjekontor@eid.kommune.no

 

 
  Minimer


Den Norske Kyrkja si internettside:

www.kirken.no 
-----------------------------
Bjørgvin Bispedøme si internettside:

http://www.kirken.no/bjorgvin/

 

  
 
  Minimer
 
Søndagsportalen Minimer

Få daglig bibelvers på mobilen. Send: BIBEL til 1933

 
Powered by LabOra - Agrando AS