DEN NORSKE KYRKJA
Kyrkja i Eid
  Søk
29. november 2014 ..:: Hjem » Stårheim Kyrkje ::..   Logg inn
Fakta Minimer

Stårheim kyrkje

Type kyrkje:
Langkyrkje av tre
 
Vigsling:
4.desember 1864 av prost Wilhelm Frimann Koren

Arkitekt:
Chr. H. Grosch

Byggmeister:
Gjert Lien, Eid

Tal sitjeplassar:
340

 

  
 
Informasjon Minimer

Stårheim kyrkje

Bygd 1864

På det gamle hovdingsetet Stofreimr vart det truleg reist ei høgendekyrkje eller huskapell tidleg på 1100-talet. Kyrkjehistoria i bygda inneheld både brannherjingar og dramatikk,med makteliten på éi side mot provoserte bønder på den andre.

Stårheim kyrkje i dag er rekna som den tredje i rekkja, bygd i ei tid då dei kvite høgreiste gudshusa reiste seg overalt i fylket og i landet elles.Kyrkja på Stårheim fekk dei same tuftene som den førre kyrkja, like ved vegen nede langs fjorden. Ho ser ut som langkyrkjene flest, men har fleire spesielle løysingar innvendig. så var det og ein kreativ og dyktig arkitekt som teikna kyrkja. Sakristia på kvar sida av koret har dører i kvar sin ende av gangen som er bygd attåt austveggen i koret. Frå denne gangen er det også dører inn i sjølve altarringen.

Tidlegare kyrkjer

Stårheim kyrkje
1100-talet-1338

Den førstekyrkja stod i Stårheimstunet, og ein reknar med at ho vart reist på 1100-talet.
Første gongen vi høyrer om kyrkja på Stårheim er i eit brev frå 1338. Då skreiv hovdingen Erling Vidkunsson til bisp Haakon i Bjørgvin, som var ein ven av han, og klaga på at illgjerningsmenn hadde vore ute og sett fyr på kyrkja.

Stårheim kyrkje
1338-ca. 1600

Kyrkja som vart bygd opp att etter brannen i 1338, var truleg også ei stavkyrkje, utan at vi veit noko nærare om henne. Dei første hundreåra hadde kyrkja eigen prest,men i 1341 vart ho lagt under presten i Eid.

Stårheim kyrkje
1600-1859

Rundt året 1600 vart det reist ei tømmerkyrkje på Stårheim, av det slaget vi kjenner mange av frå denne perioden.
Den 10.Jan. 1859 vart kyrkja sterkt skadd i ein brann, så skadd at soknepresten meinte at det måtte reisast ei ny kyrkje.
Etter tre år med harde forhandlingar vart det omsider bygging av ny kyrkje på Stårheim.

Kunst og inventar

Altertavla frå 1903 er eit oljemåleri på lerret, laga av Anders Orheim. Biletet er ein kopi av Asta Nørregaard si tavle i Gjøvik kirke frå 1883. Som i fleire andre kyrkjer i andre halvdel av 1800-talet, vart det første omgang sett opp eit relativt enkelt trekors på eller bak altaret. Først i 1903 kom noverande altertavle på plass,med innskrifta Kom til meg alle som er mødde og tyngde og eg skal gjeva dykk kvild.
2 altarlysestakar, udaterte,i messing, men med innskrift Peder Nilson Hiermand og Sara Andersdatter.
2 altarlysestakar i sølvplett frå 1874 med innskrift Tilhører Stårheims kirke, Eid prestegjeld,Nordfjord 1874.
Nattverdsutstyr: Kalk og diski sølvplett (udaterte).
Preikestol i tre frå 1864
Døypefont frå 1864 i tre; dåpsfat og dåpsmugge i tinn (udaterte).
Orgel frå 1957, 14 stemmer, Olsen og Jørgensen, kjøpt brukt frå Svelvik kirke, Vestfold, og opphavleg laga i 1916.
2 kyrkjeklokker: 1) frå eldre kyrkje, 'attfunnen' i 1901, ikkje i bruk i dag, og 2) frå 1903.
Minnestein over Matias Orheim og kona Marie står ute på kyrkjegarden. Matias Orheim (1884-1958) var ein kjend salmediktar og forkynnar frå Stårheim. Kunstverket er laga av bilethoggaren Anne Grimdalen (1899-1961). Ho er særleg kjend for sine dyreskulpturarar. Hennar største arbeid er kolossalrelieffet Tømmerfløtere og Harald Hardrådes rytterstatue, Rådhuset, Oslo, som ho laga i 1939-50.

  
 
  Minimer

Gravstadane på Stårheim

På Stårheim er det 2 gravstader:

  • Kyrkjegarden ved Stårheim kyrkje og
  • Den nye gravstaden nord-aust for kyrkja

Informasjon om gravstadane er under utarbeiding og vil bli lagt ut på  denne sida så snart arbeidet er ferdig.

  
 
Kontakt oss Minimer

Eid Kyrkjelege Fellesråd
Eid Kyrkjekontor
Sjøgata 90
Postboks 5
6770 Nordfjordeid

Tlf.: 57 86 17 55
Telefax: 57 86 13 22

E-post: kyrkjekontor@eid.kommune.no

 

 
  Minimer


Den Norske Kyrkja si internettside:

www.kirken.no 
----------------------------
Bjørgvin Bispedøme si internettside:

http://www.kirken.no/bjorgvin/

 

  
 
  Minimer
 
Søndagsportalen Minimer

Få daglig bibelvers på mobilen. Send: BIBEL til 1933

 
Powered by LabOra - Agrando AS